21. februar 2006

Viken-treff

Denne helga var det klart for mitt siste offisielle viken-treff. Var ei stund usikker på om eg skulle reise den lange vegen til gjøvik, men valgte til slutt å ta turen. Dette vart ein tur prega av tett program, men likevel veldig lav intensitet og stressfaktor, med andre ord bra opplegg.

Fredag

For at oppholdet skulle bli lenger enn reisetida, reiste eg med nattbussen til oslo torsdag kveld, slik at eg fekk heile fredagen der, før eg reiste til Gjøvik. I hovudstaden traff eg på Vegard, og saman farta vi rundt. Starta dagen med nokre bollar på Meny, før vi smått om senn bevega oss mot kåken til Synnøve. Her vart vi godt mottekne med nokre fantastiske cookies, kaffi og meir bollar, og etter kvart dukka også både Ole Kristian og Elise opp.

Per-Inge Torkelsen

Då vi gjekk ned att til sentrum, hadde vi dagens mest spesielle opplevelse. På trappa utanfor kulturhistorisk museum, sto "sjølvaste" Per Inge Torkelsen, med ein røyk i den eine handa, og ein snøball i den andre. I det vi passerte kvarandre, eg på fortauet og han på trappa, møttest blikka våre. Det som skjedde etterpå kan eg ikkje forklare, men eg gapte i allefall, og signaliserte til Per-Inge at eg ville prøve å ta i mot snøballen med munnen, ein veldig light-versjon av det kjente "stoppe-patron-med-tennene"-trikset, som fleire har prøvd seg på tidlegere. Han fatta tegninga, trur eg, iallefall så kasta han snøballen mot meg. Han traff ikkje, men det var kanskje like greit. Det var uansett ein artig, men surrealistisk opplevelse.

Elles gjekk dagen med til litt shopping, eit kafebesøk, og sjølvsagt kebab på Bislett. På kvelden var vi ein tur innom Elise, før vi reiste til Synnøve igjen for å sjå idol. Då klokka bikka midnatt, reiste vi til Oslo S, markerte Helge Jordal sin 60-årsdag med ein burger og ein sigarillo, og tok siste toget til Gjøvik. Der kunne vi gå den gode gamle ruta frå byen til Viken, der vi først såg Gjøvik Musikk, som ikkje er Gjøvik Musikk, for deretter å sjå Gjøvik musikk, og vips så var vi framme.

Laurdag

Vakna rimeleg tidleg av at ein kar sto over oss og sa at kullet 02/03 skulle spele volleyball. Det var vi ikkje vidare interessert i, så vi sto glatt over foreløpig. Etter kvart blei det visst litt speling på oss likevel, og vi tapte i grunn alle kampane. Vidare så var det ein del mat, og henging med gamle viken-venner, som ein gjerne ikkje hadde sett på ei stund. Vi var berre 15 stykker frå vårt kull, men det var veldig trivelig likevel. Det er noko med å vere på skulen der igjen. Blir god stemning med ein gong.


Ut på kvelden var det og duka for underhaldning, der kvart kull skulle stille med 20 min underhaldning. Vi måtte improvisere litt, men greide til slutt å komme fram til eit opplegg. Etter at den offisielle delen var slutt, var det tid for meir sosialisering, kaffi og bollar, og endatil eit par slag i bordtennis mellom Vegard og meg for gamle dagars skuld. Dei endte som vanleg med at Vegard vann, men han har då trass alt vore med i NM ein gong i tida, medan eg har ein 2.plass frå Valderøy ungdomsskule(som eg er veldig stolt av) å skilte med, så det skulle berre mangle.Søndag

Sidan det ikkje var så mykje anna enn frukost på programmet på søndag, reiste Vegard og eg sørover mot hovudstaden att, tidleg på morgonen. Der var vi først på formiddagsbesøk hos Hildegunn(som har gått på viken, men ikkje var på treff) og Hilde(som ikkje har gått på viken). Der stilte dei med frukost og så blei vi sitjande å pludre litt utover.

Ut på ettermiddagen, reiste vi til Knut Olav, som heller ikkje var på treff. Han kom frå Frankrike rett før helga, og diska opp med fransk ost og kjeks. Etter kvart seig vi oppover mot Fagerborg kirke, og fekk med oss gudstjeneste der, før eg starta på den lange reisa til Trondheim. Blir litt utkjørt av den reisinga, men det var likevel ei knallbra helg.

2 kommentarer:

Anette sa...

Jasså, det er her du gjemmer deg! Jeg kommer nok til å følge med. Apropos din snøballkasting med Torkelsen; jeg kastet snøball med en veiarbeider. Ingen kjendis, men allikevel en spennende opplevelse å ta med seg på livets landevei...:)

Anonym sa...

hello! vil bare si at jeg har vært her, og at jeg også har blogg. eller spejs da...