7. februar 2006

London - fotballtur

Fredag

Ankomst

Etter ein vellykka flytur og togtur, ankom vi, Jan Halvard og eg London, på Liverpool Street Station. Der starta vi oppholdet med å gå litt rundt i gatene, uten å skjønne noko om kvar vi var eller kvar vi kom frå. Forsto til slutt at vi kanskje var litt på villspor, og kom oss tilbake til stasjonen. Her inntok vi vårt første måltid på engelsk jord, på mcdonald's så klart. Etter å ha fylt opp fettreservane igjen, kom vi oss på hotellet, sjekka inn og satte kursen mot sentrum. Følte endeleg at turen var i gang.

Det første som møtte oss i sentrum var ein butikk som arrangerte salg. Det var like før vi gjekk på ein shoppe-smell allereie her, men greide å begrense oss, sidan det berre var første butikken, og endte med eit sko-par kvar.

Starbucks
Som seg hør og bør i store byar, må det drikkast ein del kaffi, både på kafe og i pappbeger på gata. Vi valgte å satse på Starbucks som vår leverandør av kaffi på turen, sidan mellom anna Britney Spears, Britney blant vener, har denne som sin favoritt. Dei kan friste med alle kaffitypar du kan tenke deg. Vi debuterte med ein karamellbasert, veldig søt og kvalmende kaffi, som ikkje smakte kaffi, men image is everything, så det var berre å helle nedpå. Etter dette kjørte vi mest på streit svart kaffi.


Eigen-guida sightseeing
Litt sightseeing må til når ein er på tur. Vi valgte ein variant med utgangspunkt i Picadilly Circus, og gjekk litt hit og dit. Fekk med oss Big Ben, China Town og ein typisk engelsk matvarebutikk, og sa oss passe fornøgde med dette i første omgang. Ellers så brukte vi ganske mykje tid på denne navigeringa ut i frå hukommelsen. Ikkje alltid like lett å huske kvar ein kafe eller ein butikk er, når det meste er nytt, men det gjekk på eit vis. Var ganske trøtte etter å først ha tatt nattbussen til oslo, og så gått rundt heile dagen, så vi avslutta sightseeingen ganske tidleg, og tok kvelden.Laurdag

Frokost
Som vanleg i framande land, besto frokosten av mest mulig fint brød
, som loff og croissanter, og minst mulig fiber. Ikkje verdens beste start på dagen kanskje, men pluss i margen for presskanne med kaffi på bordet.

Shopping

Dette skulle vise seg å bli den store shoppe-dagen. Vi reiste først til det velkjente markedet Camden. Her kan ein kjøpe alt ein kan tenke seg, som sko, nye og brukte klede, pyntegjenstandar av ymse kvalitet og mykje anna juggel. Fekk også eit par tilbud om å kjøpe ganja med lovnaden om at "for 1 pound, it will really knock you out!" Takka høflig men bestemt nei. Veldig stas å rusle rundt og kike, så vi blei verande på Camden stort sett heile dagen, med eit par innlagte pauser til mat og donuts. Greide å styre unna juggelet, trur eg, og fekk kjøpt eit par t-skjorter og skjorter.


kvelden var vi i byen igjen. Til vår overrasking hadde enkelte butikkar åpent til 11 på kvelden, så vi fekk handla litt til når vi kom dit. Ein butikk med det fengande navnet "surprise surprise" viste seg å ha ein del av det vi var på jakt etter. Totalt denne helga så enda shoppe-fangsten fra topp til tå med: 1 skjerf, 1 jakke, 2 skjorter, 5 t-skjorter, 2 belte og 1 par sko. Resten av kvelden gjekk vi berre rundt og såg på bylivet. Ville vere utkvilte til fotballkampen, så vi reiste tidleg heim til hotellet.


Søndag

Fotballkamp
Endeleg var det kampdag. Har tenkt på å reise bort å sjå kamp i veldig mange år no, men det har berre kokt bort i grauten. Sto opp halv 9, åt frokost og kom oss av gårde mot stadion. Var ikkje heilt sikre på vegen, men såg to med tottenham-drakt på t-bana, la sammen 2 og 2, og hengte oss på dei. Dette sparte oss for en god gåtur i forhold til den vegen vi hadde tenkt å reise. Det var ein fantastisk opplevelse å endeleg få sjå Tottenham spele på White Hart Lane. Stadion var så godt som full, 36054 tilskodarar for å vere nøyaktig. Folk sang, heia og ropte. Vi greide ikkje heilt å henge oss på alle songane, og kor lenge dei skulle syngast, så det endte som regel med at alle andre slutta akkurat i det vi greide å bli med. Sjølve kampen var utruleg bra. Hadde håpa på at Edgar Davids skulle spele, men gutane greide seg veldig bra utan han. Då dei skåra første målet eksploderte stadion, og vi var allereie meir enn fornøgd. Var veldig spanande sjølv om tottenham hadde full kontroll heile kampen, og det blei ein del neglebiting, spesielt etter at Charlton fekk redusert til 3-1, som vart slutt-resultatet. Totalt sett ein braksuksess med kamp. Terningkast 6.

Kino

Det tok på å vere på fotballkamp, sjølv om eigentleg ikkje bevegde oss så voldsomt, så etter å ha stappa i oss på pizza-buffet, var det veldig godt å setje seg på kino og slappe heilt av. Såg Chicken little i 3D. Var veldig stas i grunn. Ikkje minst fordi vi fekk nokre snasne 3D-briller som vi kunne vase rundt i, etter at kinoen var slutt. Fekk også knipsa nokre fotos rundt om i byen før vi reiste til hotellet, samt ete verdens kvalmaste is. Der pakka vi og gjorde oss klare til å reise heimover, og blei samde om at det hadde vore ein gild tur.

Mandag

Denne dagen via vi heilt og fullt til å reise heim. Sto opp klokka 7, åt frokost og starta reisa mot Stanstead. Då vi endeleg kom fram dit var flyet forsinka ein time, så vi kom ikkje til Oslo før nærmare 5 på ettermiddagen. Her blei det sjølvsagt investert i livskvalitet i form av ein kebab på Bislett, og så traff eg litt gamle kjente, før eg sette meg på nattbussen til Tronheim igjen. Hadde vore kjekt med meir tid i Oslo, men det får eg heller ta igjen.


Skal prøve å komme tilbake med fleire fotos etter kvart.

Ingen kommentarer: