8. april 2007

Road Trip

San Diego
Starta med biltur sørover i bilen vår, Terje Taurus, kalla opp etter Terje som blei sjuk og ikkje kunne bli med. Første stopp var San Diego, eller nærare bestemt Howard Johnson inn, i National City. Ikkje beste strøket i byen fekk vi vite seinare, men det var billigste strøket i byen, og ein kan som kjent ikkje få i både pose og sekk.Etter vår første natt i San Diego, gjekk turen mot Mexico. Vi parkerte bilen på grensa, og tusla over grensa til Tijuana. Der var det ikkje grenser for kva ein kunne kjøpe. "Buy something for your neighbours wife" og "Come in to my store and buy something you don't need" var fraser som gjekk igjen. Etter nokre timar i Tijuana, rusla vi tilbake over grensa til USA igjen, og reiste tilbake til San Diego. Der via vi resten av dagen til litt shopping og kino. King size popcorn med ekstra smør er sjølvsagt obligatorisk.
Encinitas
Etter to netter på Howard Johnson, reiste vi litt nordover til Encinitas. Her leigde vi surfebrett og herja i bølgene heile dagen. Om det vi gjorde på surfebretta kan kallast surfing, tviler eg på, men kjekt var det i allefall. Seinare på dagen, reiste vi til ein slektning av Knut Ove, og overnatta der.
Las Vegas
Etter Encinitas gjekk turen til Nevada og Las Vegas. Dette må ein av dei mest spesielle plassane eg har vore. Er nok ein av dei stadane ein berre må sjå sjølv. Det aller meste er åpent 24 timar i døgnet, hotella og casiona er forma som mellom anna eiffeltårnet og New York skyline, og det er masse show av ymse slag, heile tida. Alt for at casinoa skal lokke folk til å komme og spele.
"Grand Canyon"
Medan vi var i regionen, var vi også ein tur innom Grand Canyon. Dette vart dessverre ikkje heilt som forventa, sidan indianarane hadde gjerda inn heile området, og ein ikkje kunne komme ut på kanten og sjå utan å kjøpe ein pakke med hest-, bil-, buss- eller helikoptertur, besøk i autentisk indianer-leir osv. for x antall dollar. Dette gjaldt også for Skywalken(glassbrua som går ut over kanten av Grand Canyon) som vi hadde store planar om å gå på. Derfor vart det med køyreturen og litt fotografering her og der på veg tilbake til Las Vegas. No er det berre ei natt og ein dag att før vi reiser heim til Noreg att. Satsar på å få lagt ut litt meir bilde og slikt noko, når eg kjem dit.