![](http://photos1.blogger.com/blogger/4968/2241/320/HPIM2478.0.jpg)
Etter mykje fram og tilbake, døydde sokrates i dag. Han har i grunn vore i fin form siste tida, men for nokre dagar sidan byrja han å oppføre seg litt rart. Han svømte opp-ned, og sto mykje stille, slik som eg har rapportert tidlegare. Eg prøvde å skifte vatn, gi han mat, og tilsette eit "magisk", kvitt pulver som eg berre måtte ha, då eg kjøpte fisk første gangen, men det hjalp ikkje, og han døydde i kveld.
I det året eg hadde Sokrates, svømte han glad og fornøgd rundt i bollen sin heile dagen, slik fiskar som Sokrates gjer, og virka i grunn fornøgd med det. Eg prøvde å gi han ein fiskeven ved ei anledning, men det virka som om Sokrates trivdest best åleine, i allefall når alternativet var ein raud slørhale som heiter Jon, og som har total mangel på intimgrenser, så då vart det til at Sokrates fekk vere for seg sjølv.
![](http://photos1.blogger.com/blogger/4968/2241/320/Picture%20003.1.jpg)
Eg kjem til å sakne å ha den vesle krabaten svømmande rundt i bollen sin i bokhylla. Kvil i fred, Sokrates...