8. april 2007

Road Trip

San Diego
Starta med biltur sørover i bilen vår, Terje Taurus, kalla opp etter Terje som blei sjuk og ikkje kunne bli med. Første stopp var San Diego, eller nærare bestemt Howard Johnson inn, i National City. Ikkje beste strøket i byen fekk vi vite seinare, men det var billigste strøket i byen, og ein kan som kjent ikkje få i både pose og sekk.Etter vår første natt i San Diego, gjekk turen mot Mexico. Vi parkerte bilen på grensa, og tusla over grensa til Tijuana. Der var det ikkje grenser for kva ein kunne kjøpe. "Buy something for your neighbours wife" og "Come in to my store and buy something you don't need" var fraser som gjekk igjen. Etter nokre timar i Tijuana, rusla vi tilbake over grensa til USA igjen, og reiste tilbake til San Diego. Der via vi resten av dagen til litt shopping og kino. King size popcorn med ekstra smør er sjølvsagt obligatorisk.
Encinitas
Etter to netter på Howard Johnson, reiste vi litt nordover til Encinitas. Her leigde vi surfebrett og herja i bølgene heile dagen. Om det vi gjorde på surfebretta kan kallast surfing, tviler eg på, men kjekt var det i allefall. Seinare på dagen, reiste vi til ein slektning av Knut Ove, og overnatta der.
Las Vegas
Etter Encinitas gjekk turen til Nevada og Las Vegas. Dette må ein av dei mest spesielle plassane eg har vore. Er nok ein av dei stadane ein berre må sjå sjølv. Det aller meste er åpent 24 timar i døgnet, hotella og casiona er forma som mellom anna eiffeltårnet og New York skyline, og det er masse show av ymse slag, heile tida. Alt for at casinoa skal lokke folk til å komme og spele.
"Grand Canyon"
Medan vi var i regionen, var vi også ein tur innom Grand Canyon. Dette vart dessverre ikkje heilt som forventa, sidan indianarane hadde gjerda inn heile området, og ein ikkje kunne komme ut på kanten og sjå utan å kjøpe ein pakke med hest-, bil-, buss- eller helikoptertur, besøk i autentisk indianer-leir osv. for x antall dollar. Dette gjaldt også for Skywalken(glassbrua som går ut over kanten av Grand Canyon) som vi hadde store planar om å gå på. Derfor vart det med køyreturen og litt fotografering her og der på veg tilbake til Las Vegas. No er det berre ei natt og ein dag att før vi reiser heim til Noreg att. Satsar på å få lagt ut litt meir bilde og slikt noko, når eg kjem dit.

30. mars 2007

Oppdatering fra California

For dei som ikkje veit det, så er for tida i California, nærare bestemt Los Angeles på klassetur. Skal vere her i to veke, før eg vender nasen attende til det kalde Norge. No er første veka snart unnagjort, og dermed også det obligatoriske opplegget vi må gjennom for å få godkjent turen som hovudekskursjon, så no er det berre ferie att.


Hittil denne veka har vi vore på omvisning på Caltech og to avdelingar på NASA(JPL og Dryden). Har vore delvis interessant, men til tider litt langdrygt, spesielt då det vart litt mange F-18 å sjå på på den eine avdelinga til NASA. I dag, torsdag, har vi vore på Six Flags, som er ein, i mine auge abusement park. Her var det berg- og dalbaner i alle storleikar og fasongar som spesielt interesserte kunne forlyste seg i. Eg greide meg med ein tur, i den berg- og dalbana som er på introen til Step by Step, og var rimeleg fornøgd med det.

Utanom bedrifts/skule-besøk og Six flags, har vi og fått med oss et par severdigheiter i byen, som Santa Monica beach og Hollywood, med Hollywood-skiltet og Walk of Fame. Vidare planar er ein heil dag på Santa Monica beach i morgon, samt å prøve å få sjå litt meir av Los A ngeles(som er vanvittig svær) på laurdag, før vi vender nasen sørover mot San Diego og Mexico. Etter det, er planane meir diffuse, men reknar med å ta turen nordover og innom Las Vegas f or å fylle opp lommeboka att:) Skal sjå om eg får moglegheit til å skrive ein liten epistel seinare, men dette får vere alt for denne gangen.



27. februar 2007

Tur til Roma

Hadde store planer om å skrive eit lenger innlegg om turen til Roma som Marie og eg var på, men ser ut som det har kokt bort i grauten. Har lagt ut bilete frå turen, som dei som er innom her kan klikke seg inn på frå "menyen" til høgre. Som ein kuriositet, kan det nevnast at alle bilete der både Marie og eg avbilda, er tekne med sjølvutløysar.

21. februar 2007

Kvar vart det av røykejakka?

Sidan eg hadde nokre postar med berre tekst, tenkte eg det var på tide å legge ut eit bilete. Då eg ikkje har teke så mange bilete den siste tida, og heller ikkje har så mykje å melde, utanom at Marie og eg reiser til Roma i morgon, nyttar eg høvet til å legge ut dette biletet av meg i mi tidlause røykejakke frå midten, evt. slutten av 90-talet. Kvifor dette stilreine, elegante og ikkje minst komfortable plagget ikkje er så ofte å sjå lenger, veit ikkje eg, men blir det umåteleg populært att, er eg nok snar med å kaste meg på bølga.

17. februar 2007

Fjerna post

Av omsyn til lesarar som har omtalt den førre posten min som provoserande og ein smule klissete, har eg valt å fjerne denne. Kjem snart til å skrive ein ny post om det spanande livet mitt i Trondheim.