23. mars 2006

Sokrates er død


Etter mykje fram og tilbake, døydde sokrates i dag. Han har i grunn vore i fin form siste tida, men for nokre dagar sidan byrja han å oppføre seg litt rart. Han svømte opp-ned, og sto mykje stille, slik som eg har rapportert tidlegare. Eg prøvde å skifte vatn, gi han mat, og tilsette eit "magisk", kvitt pulver som eg berre måtte ha, då eg kjøpte fisk første gangen, men det hjalp ikkje, og han døydde i kveld.

I det året eg hadde Sokrates, svømte han glad og fornøgd rundt i bollen sin heile dagen, slik fiskar som Sokrates gjer, og virka i grunn fornøgd med det. Eg prøvde å gi han ein fiskeven ved ei anledning, men det virka som om Sokrates trivdest best åleine, i allefall når alternativet var ein raud slørhale som heiter Jon, og som har total mangel på intimgrenser, så då vart det til at Sokrates fekk vere for seg sjølv.

Forutan hybellivet i Trondheim, har han vore med på både sommarferie og juleferie heime på Valderøya, der han etter kvart har fått sin eigen gjestebolle. Sidan eg gløymte pumpa i Trondheim i jula pga litt dårlig tid ved avreise, måtte vi ty til sykkelpumpe og sugerør i gjestebollen, ein patent min kjære far kom med. Denne luksusen passa Sokrates meget bra, og han kom seg gjennom julefeiringa med helsa i behold.

Eg kjem til å sakne å ha den vesle krabaten svømmande rundt i bollen sin i bokhylla. Kvil i fred, Sokrates...

3 kommentarer:

Anonym sa...

Kondolerer

Anonym sa...

Only the good die young so dei sei..

Anonym sa...

Hei OLAF!
No når fesken din e dau så kan du jo kanskje skaffe dæ et LIV!!

Heia Marita!