8. februar 2006

Sokrates sjuk

Den lille hjerteknuseren Sokrates viste i går kveld sjukdomsteikn, i den grad å svømme opp-ned i full fart kan kallast sjukdomsteikn. Dei som har, eller har hatt fisk, veit at dette sjeldan er eit godt teikn, men så lenge det er liv, er det håp. Sokrates er ein tøffing, og har overlevd mykje rart før, mellom anna eit sjølvmordsforsøk i påska 2005, då han var åleine i Trondheim, pluss diverse bil-, buss- og flyturar til og frå Trondheim, så eg håper han skal greie dette og. Hang in there, Sokrates!

Ingen kommentarer: