
Vel framme, og oppe i bakken kunne eg i år som i fjor, konstantere at skia mine hadde fantastisk dårleg gli. I starten passa dette meg ganske bra, då det gav meg god tid til å planlegge kva retning eg skulle svinge i, og korleis, men etter kvart hadde det vore greit med litt meir gli.
Dei første turane var ganske tunge, i og med at det var eit år sidan sist eg hadde ski på beina, og sidan mange av bevegelsane ein gjer når ein står på ski, ikkje er ein del av mitt daglege rørsle-repertoar. Utover dagen vart alt så mykje betre, og eg kunne både by på både spektakulære tryn, og akrobatikk på svært lavt nivå, samt at svingane byrja å sitje litt som dei skulle att. Trykk gjerne her for å sjå, eller til og med laste ned eit av mine luftige "svev".
For dei som trudde eg var heilt åleine på fjellet, så kan eg avkrefte dette. Forutan sambuarane Eirik og Ole Morten, var Eline og Helga med i reisefølget. På vassfjellet traff vi også friskusane Per, Henrik, Kristian og Johannes, og saman herja vi i bakken.

Etter pausen fekk vi ei god økt til i bakken, før vi kunne sette oss på bussen tilbake, tilfredse og slitne, og vel vitande om at gangsperra kom til å melde sin ankomst om kun kort tid. Første skitur i år, men neppe den siste.




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar