Fredag
For at oppholdet skulle bli lenger enn reisetida, reiste eg med nattbussen til oslo torsdag kveld, slik at eg fekk heile fredagen der, før eg reiste til Gjøvik. I hovudstaden traff eg på Vegard, og saman farta vi rundt. Starta dagen med nokre bollar på Meny, før vi smått om senn bevega oss mot kåken til Synnøve. Her vart vi godt mottekne med nokre fantastiske cookies, kaffi og meir bollar, og etter kvart dukka også både Ole Kristian og Elise opp.
Per-Inge Torkelsen
Då vi gjekk ned att til sentrum, hadde vi dagens mest

Elles gjekk dagen med til litt shopping, eit kafebesøk, og sjølvsagt kebab på Bislett. På kvelden var vi ein tur innom Elise, før vi reiste til Synnøve igjen for å sjå idol. Då klokka bikka midnatt, reiste vi til Oslo S, markerte Helge Jordal sin 60-årsdag med ein burger og ein sigarillo, og tok siste toget til Gjøvik. Der kunne vi gå den gode gamle ruta frå byen til Viken, der vi først såg Gjøvik Musikk, som ikkje er Gjøvik Musikk, for deretter å sjå Gjøvik musikk, og vips så var vi framme.



Laurdag

Ut på kvelden var det og duka for underhaldning, der kvart kull skulle stille med 20 min underhaldning. Vi måtte improvisere litt, men greide til slutt å komme fram til eit opplegg. Etter at den offisielle delen var slutt, var det tid for meir sosialisering, kaffi og bollar, og endatil eit par slag i bordtennis mellom Vegard og meg for gamle dagars skuld. Dei endte som vanleg med at Vegard vann, men han har då trass alt vore med i NM ein gong i tida, medan eg har ein 2.plass frå Valderøy ungdomsskule(som eg er veldig stolt av) å skilte med, så det skulle berre mangle.




Sidan det ikkje var så mykje anna enn frukost på programmet på søndag, reiste Vegard og eg sørover mot hovudstaden att, tidleg på morgonen. Der var vi først på formiddagsbesøk hos Hildegunn(som har gått på viken, men ikkje var på treff) og Hilde(som ikkje har gått på viken). Der stilte dei med frukost og så blei vi sitjande å pludre litt utover.
Ut på ettermiddagen, reiste vi til Knut Olav, som heller ikkje var på treff. Han kom frå Frankrike rett før helga, og diska opp med fransk ost og kjeks. Etter kvart seig vi oppover mot Fagerborg kirke, og fekk med oss gudstjeneste der, før eg starta på den lange reisa til Trondheim. Blir litt utkjørt av den reisinga, men det var likevel ei knallbra helg.