27. februar 2007

Tur til Roma

Hadde store planer om å skrive eit lenger innlegg om turen til Roma som Marie og eg var på, men ser ut som det har kokt bort i grauten. Har lagt ut bilete frå turen, som dei som er innom her kan klikke seg inn på frå "menyen" til høgre. Som ein kuriositet, kan det nevnast at alle bilete der både Marie og eg avbilda, er tekne med sjølvutløysar.

21. februar 2007

Kvar vart det av røykejakka?

Sidan eg hadde nokre postar med berre tekst, tenkte eg det var på tide å legge ut eit bilete. Då eg ikkje har teke så mange bilete den siste tida, og heller ikkje har så mykje å melde, utanom at Marie og eg reiser til Roma i morgon, nyttar eg høvet til å legge ut dette biletet av meg i mi tidlause røykejakke frå midten, evt. slutten av 90-talet. Kvifor dette stilreine, elegante og ikkje minst komfortable plagget ikkje er så ofte å sjå lenger, veit ikkje eg, men blir det umåteleg populært att, er eg nok snar med å kaste meg på bølga.

17. februar 2007

Fjerna post

Av omsyn til lesarar som har omtalt den førre posten min som provoserande og ein smule klissete, har eg valt å fjerne denne. Kjem snart til å skrive ein ny post om det spanande livet mitt i Trondheim.

30. desember 2006

Hausten 2006

På tide med halvårets oppdatering, før vi går inn i 2007. Har ikkje vore så veldig flink til å ta bilete dette semesteret. Har vel eigentleg ikkje teke så mange av dei som eg har lagt ut no heller, men her er i allefall eit utval av bilete som andre har teke på aktivitetar og hendingar eg har vore med på det siste halvåret.

29. august 2006

Galleriet oppdatert

For dei som er interessert, så har eg fått lagt ut litt fleire bilete på galleriet. Berre å navigere seg inn frå menyen til høgre.

19. august 2006

Sommerferie

Etter ein lang sommarferie frå bloggen på om lag 4 månader, tenkte eg det var på tide å oppdatere litt igjen. Hoppar over hendingar som 17. mai og ymse grill-aktivitetar frå vårparten, og går rett på sommarferien.

Jobbing
Denne sommaren har eg i ni av ti moglege ferie-veke, arbeidd på TINE Meierier Vest si avdeling i Ålesund som UHT-operatør. For spesielt interesserte (ikkje så interesserte lesarar kan bla forbi det neste avsnittet), kan eg fortelje at UHT står for Ultra High Temperature, og er eit begrep som her blir brukt i forbindelse med pasteurisering. Det som er så flott med denne høge temperaturen, som for øvrig er 143 grader, er at bakteriar som er i produkta dør, og dermed får ein eit sterilt produkt som har lang holdbarhet og kan oppbevarast i romtemperatur. Dette gjeld til dømes vaniljesaus, sjokomelk, sjokoladepudding osb. Mi oppgåve var å halde styr på UHT-anlegga, og passe på at dei gjekk slik dei skulle. I starten syntes eg alt var veldig stressande og uoversiktlig , men etter nokre veker i opplæring gjekk det seg heldigvis til.

Besøk
Mellom all jobbinga har eg også hatt tid til ein del andre aktivitetar, men eg har diverre lite dokumentasjon å vise til. Her følgjer hendingar frå sommaren der det har blitt teke litt bilete, i meir eller mindre tilfeldig rekkefølge.

I sommar har eg mellom anna fått besøk av Marie ved eit par høve. Første gongen ho var på besøk, låg tåka ganske tett, men vi hadde det fint likevel. Blant anna så var Marie så heldig at ho fekk klappe nokre sauar som beita på Alnes, då vi var der på sight-seeing, og då kan det vel ikkje bli stort betre.


Nokre veker seinare var det min tur til å reise på besøk til sørlandet. Her var heller ikkje veret på topp heile helga, noko som vart betegna som sørgeleg av enkelte. K-36 - avdeling rogaland kom også til arendal denne helga, og saman med dei vart det grilling på fredagen. På laurdag reiste vi på skjærgårds. Dette var som det brukar å vere. Du treff folk som du ikkje har sett på veldig lenge, rekk å slå av ein liten prat, går litt vidare, og treff nye folk som du ikkje har sett på ei stund. Elles var det litt konsert-aktivitetar på kvelden, som til dømes Carola for å nevne ein.


Då Marie kom oppover ein gong til i slutten av juli, viste Sunnmøre seg frå si beste side, med strålande sol. Bileta under er rett nok tekne i Molde, der det også var sol denne helga. Vi var nemleg innom Molde-Jazz. Der sprada vi rundt heile dagen, før vi var på konsert med Elvira Nikolaisen og Kings of Convenience på romsdalsmuseet på kvelden. Der var det akkurat passe med folk, rimeleg avslappa stemning og bra musikk, så dette vart ei veldig bra konsertoppleving. Biletet til høgre er forresten teke med eit kamera som vart smugla gjennom den knallharde kamera- og flaskekontrollen på romsdalsmuseet. Denne fungerte slik at du vart spurt om du hadde kamera i veska di. Svarte du ja på dette, fekk du beskjed om å gå inn i teltet lenger inne på området og levere det frå deg der. Ein god ide å innføre dette systemet i sikkerhetskontrollen på flyplassane rundt om i landet. "jaså, du har med deg kniv? Berre lever den frå deg før du går om bord i flyet du, er du grei."


Første helga i august reiste eg ein tur til sørlandet igjen. Denne gongen var veret slik det skal vere der, med strålande sol . Stikkord for helga var sol, sjø og grilling. Mellom anna var eg på båttur med Marie og resten av familien Fiane.



Utflukter
Av andre dokumenterte hendingar i sommar, kan eg nemne fisketur i Stordalen med mamma og pappa. Her er det mamma som poserar med fiskestanga, men som elles er meir glad i å ete fisk enn å fiske den, i motsetnad til visse andre. Det vart ikkje fisk denne gongen, men veret var bra, og vi hadde mykje kjøt på grillen, så stemninga var likevel meget god.


Fekk også til ein båttur eller to heime i sommar. Den gildaste var nok turen med snekka "Waltraud", som er familien Nordstrands nye stolthet. Turen gjekk til Kalvøya, der vi grilla og koste oss utover kvelden og natta.













Skal sjå om eg ikkje får oppdatert bildegalleriet mitt også etter kvart. Kjem nok ei aldri så lita pressemelding når dette er gjort.


2. april 2006

Skitur - på bortoverski

Etter at eg har oppdaga gleda ved å bli dregen opp bakkar av skitrekk, for så å renne ned igjen, har det blitt lite bortoverski siste åra, men laurdag var eg faktisk på ein slik tur, og det var ein ganske bra opplevelse. Turen, som var i regi av student-krik, starta om lag 10.30, frå trikkehaldeplassen "down town", men sidan vi, Marie, Randi og underteikna, følte oss sinnsjukt spreke, og kanskje hadde lyst å sove berre litt til, tok vi ein seinare trikk, for så å prøve å finne dei andre inne i skogen.

Vel framme på Lian var det klart for smøring av ski. Medan jentene styrte med det, kunne eg på mine lånte, smørefrie ski, finpusse på skøyteteknikken min, og konstantere at eg ikkje har nokon skøyteteknikk. Å ha smørefrie ski skulle vise seg å vere veldig bra denne dagen, for medan eg kunne "danse" meg gjennom skogen, veksla skia til dei to andre mellom å vere både fram- og bakglatte, og å klabbe skikkelig.
Etter mange telefonar, og ein liten strafferunde, traff vi på Oddvar, ein representant for resten av turlaget, og kom oss til leirstaden. Der var bålet tent, stemninga bra, og vi fekk i oss obligatorisk turproviant som kvikk-lunsj, appelsiner, kakao og anna småtjafs. På toppen av det heile var sola innom på ein liten visitt, og eg fekk 7 nye fregner. Bra dag.