21. februar 2007

Kvar vart det av røykejakka?

Sidan eg hadde nokre postar med berre tekst, tenkte eg det var på tide å legge ut eit bilete. Då eg ikkje har teke så mange bilete den siste tida, og heller ikkje har så mykje å melde, utanom at Marie og eg reiser til Roma i morgon, nyttar eg høvet til å legge ut dette biletet av meg i mi tidlause røykejakke frå midten, evt. slutten av 90-talet. Kvifor dette stilreine, elegante og ikkje minst komfortable plagget ikkje er så ofte å sjå lenger, veit ikkje eg, men blir det umåteleg populært att, er eg nok snar med å kaste meg på bølga.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei! Må sei du såg litt matcho ut i den jakka. E no litt nysjerrig på å høyre om turen til Roma. Kanskje du også kan legge ut nokre bilde frå turen?

Kay Amund sa...

Sisten!

Sjå bloggen min for meir info :)