
Vel framme på Lian var det klart for smøring av ski. Medan jentene styrte med det, kunne eg på mine lånte, smørefrie ski, finpusse på skøyteteknikken min, og konstantere at eg ikkje har nokon skøyteteknikk. Å ha smørefrie ski skulle vise seg å vere veldig bra denne dagen, for medan eg kunne "danse" meg gjennom skogen, veksla skia til dei to andre mellom å vere både fram- og bakglatte, og å klabbe s

Etter mange telefonar, og ein liten strafferunde, traff vi på Oddvar, ein representant for resten av turlaget, og kom oss til leirstaden. Der var bålet tent, stemninga bra, og vi fekk i oss obligatorisk turproviant som kvikk-lunsj, appelsiner, kakao og anna småtjafs. På toppen av det heile var sola innom på ein liten visitt, og eg fekk 7 nye fregner. Bra dag.